Våren er her!
Alt er relativt, men personleg kallar eg fjorten dagar utan nye innlegg for bloggtørke. Særleg når vi har vore på stortur i mellomtida! Førre helg var vi nemleg heime i Romsdalen på rekreasjonsopphald. Det er alltid både kjekt og fint i Romsdalen, og når vi i tillegg har véret så til dei grader på vår side er alt berre lekkert :D Bilda nedanfor talar kanskje mykje godt for seg sjølv, men vi fekk altså kvilt oss med god mat, sol, fjelltur, bursdagsselskap for tante, "visning" av den foreløpig ferskaste i slekta (Thomas) og herleg, landsens, frisk luft.
Kvardagen venta når vi var attende i bartebyen, men heller ikkje den er så aller verst. Etter eiveke på jobb og skule, kun avbrutt av quiz på onsdag, følte vi likevel det var på tide å samle vener til ei sosial happening på Steinan. I går var det klart for årets første grilling og kubbseanse. Dessverre gjekk batteria i kameraet ganske tidleg, men vi fekk iallfall bekrefta at Line lot seg fascinere av akvariet! Takk for ein fin kveld til alle som var her :)



5 kommentarer:
Ja, jeg drømmer om fiskene enda, jeg! Fantastisk altså!
Takk for en fin kveld :)
Jeg veit at dette blir som å banne i kirka, men må si det: Takk for kubbkampen!
Sjølv takk, Kristine :) (Eg skjønte ikkje kva det hadde med verken banning eller kyrkjer å gjere...)
Og Line: Eg må nesten sitere slagorda Ingeborg N har på bloggen sin:
"Fisk er kult", og
"Hekta på fiske - ikke på dop!"
;)
Du må gjerne komme og sjå meir!
Jeg synes du er flink til å oppdatere jeg! Jeg suger virkelig. Hørtes ut som en herlig tur og kveld.
Hei!
Flotte bilder!!! Ser ut som dere har hatt det fint!
God helg!
Ellen
Legg inn en kommentar