Papir
I går hadde det gått eitt år. Du skal få sleppe å bla tilbake i bloggarkivet for å finne ut kva eg snakkar om. Eg seier gladeleg til alle og ein kvar at vi hadde eitt års bryllaupsdag i går. Hurra! Eller, papirbryllaup heiter det visst. Dobbelt hurra ;) Vi brukte ettermiddagen og kvelden kun på oss sjølv. Ein rask telefon til svigerinna mi for å få restauranttips, og så bar det avgarde. Vi åt ein nydeleg indrefilet med mildt sagt fantastiske fløtegratinerte potetar til på Nattergalen i Olav Tryggvasons gate - ein stad vi no kan vere med på å anbefale. Godt utvalg i fleire prisklassar, hyggelege lokale, hyggelege ansette, og god mat. Vi såg oss ut ei fristande sjokoladekake også, men vi var for mette. Dermed må vi ta turen ein gong til ved eit seinare høve ;) Etter denne gastronomiske utskeiinga gjekk vi på kino. Vi hadde heile salen for oss sjølv! Romantisk, ikkje sant? Vel, eg kan ikkje seie det same om filmen. Ulvenatten. Ein norsk film ein nok kan seie skiljer seg ut frå andre norske filmar vi har sett. Ganske dramatisk og rå, og relativt ekkelt realistisk... Men verd å sjå!
Også kjøpte eg ei gåve til oss. I papir såklart. Så no har endeleg Steffen fått oppfylt draumen om å eige eit Settlersspel ;) Spelekvelden hjå Kari&Torbjørn på laurdag gav meirsmak med andre ord!
Eg slenger på eit mimrebilete til slutt her eg. For nye lesarar og sånn ;)
Det er berre heilt herleg å vere gift altså!

4 kommentarer:
Gratulerer igjen:) Så bra det ga meirsmak med Settlers! Neste Settlers-runde hos dykk?
-Kari
Ja det syns eg hadde vore på sin plass :) Velkomne skal de vere! Men først: Quiz i morgon?
Trudde forresten først du meinte det var bra ekteskapet gav meirsmak ;)
Gratulerer med overstått!
Det blir nok ikkje quiz på oss i kveld- har vore så mykje jobbing/lesing i det siste at vi har behov for litt tid heime. Men vi håpar på å komme sterkare tilbake! Det ser ut til at Torbjørn har fri neste onsdag også:)
Legg inn en kommentar