08 juni 2008

Opphald på Votloheimen

Første del av ferien vår har vi brukt til eit opphald på Votloheimen. Supertante og Superonkel har besøkt prinsesse Gullhår og den temmeleg nyfødde keisaren. Det kunne jo ikkje bli anna enn koseleg :) Eit par turar til Bergen fekk vi også tid til, så vi fekk møtt både studievenner og folkehøgskulevenner. Når det gjeld opphaldet kan eg bruke adjektiv som hyggeleg, kjekt, husmorvikarierande, morosamd, solbrend, koseleg og avslappande. I tillegg viser eg til bildeshowet og sitata nedanfor, og vonar det kan innvie dykk i stemninga.

Peik på bileta med musa for å sjå kommentar på bilda.



Gullhår-sitat:
-"Bilen min stoppet i Mjeldalen" (Gullhår har rollespel med seg sjølv - på klingande barne-tv-østnorsk).
-"No liksom leika vi at du e mor og eg e storesøster, saaaaaant?"
-"Eg vil ligge i vogna til lillebror! Det ser så koseleg ut!"
-"Koffår måååå du og onkel reise i mårgå?"
-"Åh! Kan du kjøpe ei fluesmekke då?" (Eg sa at eg kunne kjøpe noko til henne i London).

Vi har dessutan konstatert at keisaren har ein særskild forkjærleik for bruremarsjar, då han gjerne roar seg når tante nynnar på ein sånn.

I morgon går ferda vidare til det store utland. Fire-fem dagar i ein framand by er noko vi gler oss til no, og som vil bli blogga om etter heimkomst!

2 kommentarer:

Anonym sa...

Heia!
God tur til London!
Prøv å få med dere en musical på West End. De selger ofte "restebilletter", til en grei pris :)
Have fun!

Kari og Torbjørn sa...

Hei!
Utruleg koselege bilete, Ingeborg! Blir rett sjalu, eg:) No regnar det i Trondheim, så du kan berre vere glad de er i London! Vi får snakkast når de kjem att, kafétur eller noko?

Klem, Kari