11 juli 2008

Berre ei lita påminning

5. mars i år skreiv eg eit innlegg i bloggen om Europaveg 136. Du kan gjerne lese det igjen på
denne linken. Deretter kan du lese denne artikkelen frå Dagbladet 24. juni i år.
Sidan eg skreiv innlegget mitt på bloggen i mars har endå fleire liv gått tapt. 14. juni omkom ein mann frå Rauma i ei MC-ulykke i Vågssvingen på Vågstranda (heimbygda mi). Dødssvingen kallar vi han heime; fleire har mista livet der. Vi treng tunnellen og brua no.

30 liv dei siste 30 åra, på ei strekning på cirka fire mil. Berre ei lita påminning folkens. Kjemp for betre vegar, køyr varsamd og bruk bilbelte! Nokon er glad i deg!

Ingen kommentarer: