08 juli 2008

Strikkeoppdatering

Dette er eit innlegg til ære og informasjon for mine strikkevenner, både frå NSF og andre strikkande. Det er lenge sidan eg har sagt noko om strikking, men litt produksjon har det vore trass i sommarvarme og ferie.

Eg har iallfall strikka ein body til min lille nevø. Den har eg dessverre ikkje bilete av. Også er eg jo ferdig med settet du kanskje har lese om tidlegre her. Det var også til nevøen. Eg har ikkje bilde av det ferdige resultatet der heller, men det vart ikkje så verst ;)

Elles har eg jo som eg muligens har nevnt meldt meg på NSF vennskapsteppe. (For uinnvigde kan eg seie at det dreier seg om å bytte lappar til eit lappeteppe. Eg strikkar to lappar i månaden og sender dei til ein av dei andre deltakarane. Også får eg då også to frå nokon av dei. I mai neste år har eg eit ferdig teppe). Mitt teppe er i haustfargar. Eg har foreløpig fått desse lappane. I juni sende eg frå meg lappane på bildet nedanfor, men er så misnøgd med den eine at eg har bestemt meg for å strikke ein ny til den stakkars mottakaren!



I juli gav eg frå meg desse lappane. (Den lysaste har skilpaddemotiv, men det kjem ikkje fram på bildet):



Sidan Anka ikkje bur så langt unna meg fann eg ut at eg skulle overraske henne med å levere dei på døra :)

No held eg på med ei søt babyjakke frå Allers. Den må eg nesten få kome attende til når eg har kome litt lenger - forhåpentlegvis om ikkje alt for lenge!

Ingen kommentarer: