Turist i eigen by
Typiske turiststader i eigen by ligg som regel for nært til at ein kjem på å besøke dei. Inspirert av Kristine og Gunnar er vi no likevel i gang. Sidan besteforeldra til Steffen er her i helga nytta vi i dag høvet og tok turen til Munkholmen for fyrste gong. Eit besøk på Munkholem blir i studentavisene presentert som ein av tinga alle nye studentar i Trondheim seier at dei skal gjere, men aldri får gjort. No har vi, i likheit med mange andre, avkrefta dette! Du kan lese meir om Munkholmen her, og om det eventuelle spøkelset her.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar