12 februar 2009

Avslapning

I går gjekk eg i pysj heile dagen. Eller, eg stod jo opp ca kvart over seks og gjekk i dusjen som vanleg, for eg skulle jo på jobb. Etterkvart som bevisstheitsnivået auka kjente eg at eg hadde veldig hodepine, og at eg var kjempekvalm. Eg brekte meg faktisk nokre gonger - utan at eg fekk kasta opp. Sånn som dette kan eg ikkje fungere på jobb, tenkte eg, så eg subba ut i gangen for å slå av motorvarmaren før eg ringte nattevakt Randi og sa korleis ståa var. Hald deg heime og ta vare på deg sjølv, sa ho. Så eg pakka det våte håret inn i eit handkle og gjekk og la meg att. Mannen skvatt opp eit par timar seinare og sa eg hadde forsove meg, hehe... Trur nesten han vart litt letta når eg sa at eg var sjuk. Han jobbar ein del heime med masteroppgåva si for tida, så han gav meg masse pleie og omsorg utover dagen :) Eg sov ein del, og slappa av heile dagen, og i dag er eg i fin form att og kan nyte fridagen min før arbeidshelg. Men eg lurer litt på kva det var... Har hatt noko liknande eit par gonger før. Er det berre spenningshodepine som toppar seg litt i ny og ne, eller er det migrene eg har fått?

Uansett skal eg berre slappe av fram til eg skal på jobb fredag kveld. I dag har eg avansert frå pysj til fleece, og skal kose meg med å strikke vidare på alle bursdagsgåvene eg held på med :) Publisering vil komme etterkvart som bursdagane er overstått ;)

3 kommentarer:

Anonym sa...

eg prøver å bli litt klokere på hodepiner for tiden, uten at eg har hatt så stor suksess... men min erfaring er at man ofte har blandingsformer... uansett... ha en fin arbeidshelg... Klem!

K@ri sa...

Godt at du er bedre igjen.
Ta vare på deg selv, - og god arbeidshelg når den tid kommer*

Anonym sa...

Væældi fine strikkeria. Æ ønske mæ ei sånn huv m gittara på.. Litt synd at det e så læng t æ har bursdag..
Må finn på ei anna anledning. Kanskje det at vi har arbeidshelg sammen?!

Strålande idé syns nå æ..