Spelekveld
På laurdag hadde vi spelekveld med Kristine og Gunnar. Vi vart skulda for å vere urutinerte fordi vi hadde ete før vi kom. Lite visste vi om at Kristine hadde to former med lasagne klar! Neste gong skal eg spørje på førehand, eg lovar! Men triveleg var det da likevel. Vi hadde mange spel å velje mellom, men endte opp med Connecto. Eg og Mannen kjøpte det på salg i fjor, men har ikkje prøvd det før no. Det var ikkje så aller verst altså. Det handlar om å fylle inn ord som manglar i ordtak, lover, sangtekster, rekkjer osv., satse "pengar" på om ein klarar det eller ikkje, samt hjelpe/bløffe kvarandre undervegs. Eg syns det var kjekt eg, og eit herleg avbrekk frå arbeidshelga.
Takk for godt selskap, og god bevartning!

4 kommentarer:
Spillekveld er topp! Har du noen spill å anbefale/låne bort eller? Skal ha selskap på lørdag, og det blir nok spilling... :-)
Mange å anbefale, men rekk ikkje å låne bort noko no til helga. Reiser til Bergen i morgon tidleg. Men Settlers, Connecto, Fantasi og Kokkelimonke er fine selskapsspel :)
God tur til Bergen - og takk for tips! En annen gang, vettu... :-)
Ja, det var en morsom kveld! Likte veldig godt at jeg fant første rundet. (Og takk og lov for at Gunnar vant andre runde, sånn at han var å leve med resten av kvelden... ;)
Steffen har heretter fått stemplet som Mannen som ikke vil ha mat.
Legg inn en kommentar