13 februar 2009

Inspirert

Mannen sine huslege syslar i går var til inspirasjon for meg i formiddag. Eg har kveldsvakt, og dei formiddagene eg har kveldsvakt brukar eg å kose meg i pose og sekk. Så også i dag. For det går faktisk an å kose seg med husarbeid. Både skittentøyet, gulvmoppen, og bakebollen har fått svinga seg i dag. Sistnevnte naturlegvis aller mest koseleg :) Det var Karen sine pizzahorn eg fekk lyst på denne gongen, i og med at det var kjøttdeigrestar i ein boks i kjøleskapet.



Og no må eg berre koste snø av bilen og komme meg av garde. Skal berre finne eit passande kveldsvaktstrikketøy først ;)

1 kommentar:

mono sa...

Flinke dere er til å stelle med hverandre! =)

De horna ser fantastisk gode ut, også... *vann i munnen*