Once
I anledning kvinnedagen (eller eigentleg ikkje, men så fekk eg jo nevnt den også) såg eg og Mannen i kveld ein film som vi lånte av Kristine og Gunnar for fleire veker sidan. Den heiter Once, og eg likte han. Han handlar om ein singer-songwriter frå Dublin som spelar på gata så snart han har tid til det. Han blir lagt merke til av ei jente frå Tsjekkia, og i løpet av ei veke blir dei kjent med kvarandre og kvarandre sin musikk. Gjennom musikken får dei innblikk i kvarandre sine tidlegare kjærleiksliv, og i løpet av ei veke med øving, innspeling m.m. blir begge overbevist om å ta opp kontakten med sine respektive. Ei søt lita historie, men musikken var berre best. Som Kristine og Gunnar sa: Litt sånn Damien Rice. Heilt etter min smak :)
Elles kan eg jo nevne at eg er igang med nok eit musikalsk strikketøy. Vent og sjå!

6 kommentarer:
Ååh! jeg tror jeg må se den filmen!
Og musikalske strikketøy er flotte greier.
Helt enig i at musikken var veldig bra! Men vi syntes storyen var litt tynn, kanskje? Men alt i alt: En søt film!
Storyen er ikkje det vesentlege i denne filmen. Musikken er det bærande :)
Jeg venter i spenning:o)
Det ligger svar til deg i bloggen min.
Klem fra Kari*
Hurra!!! Gaven min til Kristine har spredt seg. Det var poenget. Filmen og MUSIKKEN er helt FANTASTISK!!!
Jeg likte den kjempegodt (noe som var grunnen til at jeg "Paid it forward" :) )
Så bra med en påminnelse om denne filmen! Jeg husker jeg tenkte å se den, men det ble aldri sånn. Det må jeg gjøre noe med =)
Legg inn en kommentar