15 mars 2009

Kristine (og Socktopus)

Ei veldig god venninne av meg, Kristine, skal gifte seg i sommar :) Det kom nok ikkje som noko stor overrasking på henne at det vart utdrikningslag i helga; det var påfallande enkelt å kidnappe henne i byen... Ingen spørsmål, ingen protestar. Det er jo heilt naturleg å køyre i retning Dragvoll når ein skal på kafé? Det ho ikkje visste var kven som hadde tatt turen og kva vi skulle gjere, men eg trur ho vart godt nøgd. Etter ein god lunsj på eit klasserom på Dragvoll, entra vår kjære dirigent Frøydis rommet og gav oss eit to timar langt magedanskurs! Det var artig - men akk og ve så vanskeleg! To timar er ganske lenge, og vi var ganske varme då vi tok turen vidare heim til meg for å ete pizzahorn og kose oss resten av kvelden. Eg har iallfall hatt ei topp helg, med dans, kos og mange hyggelege gjensyn med Viken-folk og andre, og det håpar og trur eg Kristine har hatt også :) Når Kari har kome seg ned att til Ålesund håpar eg å få tilsendt bilde frå helga (eg gløymde kameraet mitt), og då skal eg dele med dykk :) Inntil vidare legg eg ut eit bilde av meg og Kristine frå mitt bryllup. Det er Kristine som har tatt bildet.



Kristine er ei herleg jente som viser enorm omsorg for alle ho kjenner. Ei skikkeleg god venninne for veldig mange! Som symbol for hennar evne til å omfavne alle rundt seg (og litt for å få ein smooth overgang i blogginnlegget) sett eg inn eit bilde av mitt siste strikkeprosjekt "Socktopus":



PS: Det med ein smooth overgang i blogginnlegget betyr ikkje at eg ikkje meiner det eg sa om Kristine!

PSS: For strikkeinteresserte kan eg nevne at eg fann oppskrifta på Ravelry. Den er henta frå Knitty, og du kan finne ho her. Socktopus er strikka av diverse restegarn, og var eigentleg litt for priklete å få til etter min smak... Men han er søt da :)

2 kommentarer:

Kristine sa...

Takk og takk og takk :) Det var ei veldig bra helg, og jeg er godt fornøyd, du! Faktisk litt støl i dag i mageregionen...

Ingeborg sa...

Oj! Då gjorde du det sikkert riktig du da... ;)