27 august 2009

Fridag :)

Stod eg verkeleg opp klokka 8 i dag? Sjølv om eg har fri? Ja! I ettermiddag reiser eg til Haltdalen saman med mine gode kolleger. Vi skal på sosialtur, med steinalderlammelår og god stemning. Og i morgon skal vi til fjells, for på jobben min er det nemleg fysisk aktivitet som står i fokus kvar fredag :) Eg tok på meg å lage ei kake til turen, sidan eg likevel hadde fri i formiddag. Eg klarte ikkje å bestemme meg for kva eg skulle lage, så eg har lagd litt forskjelleg i heile dag eg. No trur eg eg har bestemt meg for å ta med sjokoladekaka, så får Mannen som skal stelle heime kose seg med ein bladkrans eller to. Han kan til og med velje om han vil ha med eple- og kokosfyll, eller med kanel, sukker og rosiner. Heldig mann, ikkje sant?

5 kommentarer:

K@ri sa...

Du har så rett: Han er heldig den mannen din. Håper han er klar over det?
Ha en fin helg.
Klem fra Kari*

sol sa...

Mmm, det så godt ut! Håper du har/hadde en fin tur :)

Ingeborg sa...

Her i huset er vi heldige både eg og Mannen vil eg seie ;) Kaka var god, kringlene gode, og turen både flott og kjekk :)

frøken ij sa...

Mmmh - det så godt ut :) Heldig mann som får ferskt bakverk. Eple og kokos hørtes spennende ut. Er inne i en kokos-periode, kanskje det må prøves? Ha en trivelig helg :)

Lene sa...

Og kaka var digg! *mums, mums*