21 august 2009

Klar som i sliten og klar som i 'klar ferdig gå'

Ja her i Midt-Noreg kan ordet klar bety både det eine og det andre, og akkurat no kan eg bruke det i alle tydingar. Eg er klar (som i sliten) av forkjølinga og dei dertil tilhøyrande hetetoktene, men eg trur også at eg er klar for avgang i morgon tidleg. Då diltar eg etter mine medkoristar som reiste på blåtur i dag. No fekk eg nettopp sms om at dei var på Haugen gård på Oppdal, så då må eg opp tidleg for å prøve å vere der til kl 10 i morgon. Eg gler meg, og har pakka sakene mine :)

Eg har vore heime frå jobb eit par dagar no. Ingen grunn til å spre smitte der. Ei heller angst for svineinfluensa. Men slapp av folkens, eg har ikkje observert nokon krøll på halen foreløpig ;) Det er slitsomt å vere sjuk, men innimellom alle turane på badet for å snyte meg har eg iallfall fått strikka litt og også sett fleire episodar av Grey's anatomy! (Det er ikkje så lett å prøve å la vere å grine når ein ser ferjeulukkeepisodane i sesong tre... Men grining = endå tettare nase, og det går ikkje!)

Når det gjeld strikking har eg fått gjort ferdig eitt sett pulsvarmarar som eg ikkje veit om blir til meg sjølv eller julegåve til nokon andre. OG eg har starta på sokkar til Mannen :) Han har nettopp kjøpt seg fjellsko, og la då inn bestilling på tjukke sokkar. Eg er jo som mange veit ikkje særleg glad i sokkestrikking, men med Magic cast-on for toe-up socks (Ja, det ER magisk!) og samtidig bruke to-sokkar-på-ein-gong-metoden med to rundpinnar (sjå video under) er sokkestrikking på grensa til artig! :)

Prøv du også da vel!

Og med det ønskjer eg dykk alle ei strålande sommarhausthelg :)

1 kommentar:

gyldenkron sa...

Oi, denne videoen skal jeg jammen bruke. Takk skal du ha

Og godt å høre at du ikke har fått krøll på halen enda ;)
Ha god bedring og god helg