16 august 2009

Overnattingsbesøk

Endeleg klaffa det slik at Ladeprinsessa kunne komme på overnattingsbesøk til tante! Far hennar feira 40-årsdagen sin i går kveld, og i den anledning var det behov for barnevakt. Tante fekk spørsmålet, og for ein gongs skuld passa det :) Difor kunne eg hente prinsessa (som hadde venta lenge!) i går ettermiddag, for å ta henne med heim på graut, leik og moro. Det blei tid til både mat, søvn, barne-tv, laurdagsgodter, ute- og inneleik :)

Inne var det som de ser utprøving av onkel (og tante) sine tv-spel, deriblant det nyerverva Wii Fit. Prinsessa fekk prøvd seg både på tennis, slalåm, skihopp, rokkering, yoga og løping, og latteren sat laust. Iveren var nok større en perfeksjoneringa, men det er heilt greit. Vi måtte berre sette ein krakk mellom jenta og tv'n for å forsikre oss om at ho ikkje sprang på skjermen! ;)

Sov gjorde ho også. Heilt til kvart på sju, faktisk, og det var langt meir enn forventa av slik ein morgonfugl! Så rakk vi då både å ete, teikne og sjå film før vi drog på Give me Five. Derfrå tok foreldra over igjen, om enn litt undrande over prinsessa sine overbevisande forteljingar om skisport hos tante ;)

2 kommentarer:

gyldenkron sa...

Tenker prinsessa koste seg hos tante og onkel. Ser sånn ut.

Jeg har visst linket til bloggen din (jeg er litt amatør på dette enda), si fra om jeg skal fjerne deg.

Klem

gyldenkron sa...

Klart du kan linke tilbake :)