Oppsummering av sist veke
Grunna eit opphald i hovudstaden har det vorte lite blogging dei siste dagane. Det blir liksom ikkje det same utan bilete, og sidan kortlesaren låg att heime i barteby vart det litt skrint. Men no er eg her, og eg har lagt bak meg ei flott veke på Bygdøy og Gaustad :)Dag 1
Utfordringar: Finne fram i storbyen, bli student, bli kjent med mange nye.
Sigrar: Eg fann fram, det var slett ikkje verst å studere, og dei nye fjesa var hyggelege å bli kjent med :)
Dag 2
Utfordringar: Lære fleire namn, finne fram til ny plass i byen, gå aleine seint på kvelden i Oslo.
Sigrar: Namna tek til å sitte, null problem å finne fram, og ingen skumle menn verken på bussen eller i gatene. Dessutan særs hyggeleg å ete middag hos Inger-Helene og Thomas :)Dag 3
Utfordringar: Kano/kajakktur, halde seg vak utover kvelden etter ein heil dag i friskluft ;)
Sigrar: Ingen velt på bøljan blå, og sosialisering med Silje og Thomas på kvelden - som også var trøtte etter flytur over dammen!
Dag 4
Utfordringar: Kondisjonstest, huske anatomikunnskapar, motivere Mannen til å bestemme seg for å komme nedover med toget etter at bilen sovna stille inn på Støren på veg sørover.
Sigrar: Eg er i gjennomsnittleg god form, eg hugsa passe masse anatomi, og Mannen lot seg overtale til å komme nedover. (Det var bestemora som overbeviste han, ikkje eg...)Dag 5
Utfordringar: Danseliknande aktivitet. Og det var det.
Sigrar: Danseliknande er ikkje det same som dans ;) Også fekk eg jo endeleg sett operabygget, og det var jo flott :)Laurdag var vi i Hønefoss der svigerbestemor spanderte lunsjbuffet på Klekken til heile slekta i samband med diverse fødselsdagar i det siste. Det var eit hyggeleg gjensyn med svigerslekta. Vi tok oss også tid til å besøke dei andre svigerbesteforeldra og barnebarna, før vi for attende til Bygdøy. For på søndag drog vi allereie på formiddagen med lavprisekspressen oppover til barteby. Turen gjekk ganske bra, og høgdepunktet var tre moskusar på Dovrefjell :)
Om fire veker er det ny samling i Oslo, og eg kjenner eg gler meg. Det er veldig kjekt med litt input :)
Og inntil då: Er det nokon som vil selje oss ein bil?

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar