Generalprøvekonsert
Det går slag i slag. Opphavet og Eiric har vore i byen frå fredag til tirsdag. Innimellom arbeidshelg, korøving og diverse har eg prøvd å treffe dei litt - mellom anna på Vitenmuseet i går. Det var stas for store og små :) Det er koseleg med besøk heimafrå, sjølv om eg hadde litt lite tid til rådigheit denne gongen... Men men.
I dag har Kammerkoret Aurum hatt opa generalprøve i Rådsalen på biblioteket i Trondheim. Overraskande mange tok turen innom for å høyre oss, og mange av dei gav oss gode tilbakemeldingar. Det kjem godt med til konkurransedagen på fredag. Landskonkurransen for kor går av stabelen her i byen i helga, og vi skal delta i klassen Blanda kor i likheit med 13 andre kor. Om det går like bra her som det gjorde i Praha i fjor veit ingen, men vi skal ha det kjekt i alle fall :)
Det er muleg å vere publikum. Det kostar 120 kroner. Det heile foregår i Olavshallen. Velkomne, og ønsk oss lukke til!

1 kommentar:
Fortsatt gratulerer mæ gull Ingeborg! :-)
I lika so godt bloggen din - kjempe koselig:)
Klem :)
Legg inn en kommentar