11 oktober 2009

GULL!

Eg er med i landets beste blandakor! Landskonkurransen for kor 2009 gjekk som tidlegare nevnt av stabelen her i byen i helga, og Kammerkoret Aurum (der eg er 1.alt) deltok i klassen blanda kor - og vann! Vi fekk over 22 poeng, og det betyr at vi ligg i øvste del av skalaen, at vi viser eit høgt nivå både teknisk og ferdigheitsmessig og har stor formidlingsevne. Er vi nøgde? Ja! Stolte? Ja, det også. Og ganske gode tydelegvis :) (Og at andre anerkjente blandakor ikkje hadde meldt seg på i konkurransen er jo deira problem!)
Eg brukar det samme bildet igjen eg, for denne gongen hadde vi ikkje med oss fotograf ;) Og anledninga var jo mykje godt den samme. Seier.

Aurumittar: Gratulerer! :) :)
Bra jobba :)

7 kommentarer:

Linn sa...

Hurra!!! =)

Ladeprinsessa sa...

gratulerer med gullet!

Ingeborg sa...

Tusen takk prinsessa mi :) Sjåast på torsdag!

Line sa...

Hurra for Aurum!!!

K@ri sa...

Gratulerer :o)
Vakre tanker og ei fin uke ønskes deg av K@ri*

frøken ij sa...

Gratulere :)

K@ri sa...

Men siden du har kjennskap til mønsteret, så pip om du finner kopper i en bruktbutikk el l.
God helg fra Dalen din :0)