16 oktober 2009

Om meg

Eg har fått ei utfordring frå Iris. Den går ut på å seie 10 ting om seg sjølv, vise bilde av eit av mine beste minne og fortelje om det, vise bilde av noko eg likar, og noko eg ikkje likar. Så ja:

-10 ting om meg:
1. Eg klarte ikkje å seie namnet mitt då eg var lita, og dermed vart det Bolla. Søskenbarna mine (og andre også) kallar meg fortsatt det.
2. Eg nekta å strikke i mange år i påvente av meldinga om at eg skulle bli tante. Då meldinga kom tok eg pinnane fatt. Etter ein pause er strikking det eg har mest lyst til å gjere ganske ofte no ;)
3. Eg har, utruleg nok, vunne (eller vore med på å vinne) heile tre musikkprisar!?
4. Eg bestemte meg for å bli fysioterapeut allereie i 6. klasse på barneskulen :)
5. Nokre gonger i året blir eg akutt fjellsjuk og fjordsjuk, og då må eg heim til Romsdalen for påfyll!
6. "Du er så ordentleg og systematisk!" seier kollegene mine. "Dei skulle vore heime hos oss ein tur for å sjå," seier Mannen...
7. Eg er avhengig av Grey's Anatomy. Seriøst.
8. Eg hadde eit sterkt ønske om å ha potetball til konfirmasjonsmiddag - men fekk ikkje lov...
9. Eg er veldig glad i englar og marihøner (:I:)
10. Snart har eg ny bil!

-Eit godt minne:
Er det nødvendig å supplere med ord? Eg har ikkje så mykje å seie. Ein fantastisk dag, ein fantastisk mann :*

-Noko(n) eg likar:
Ladeprinsessa, Prinsesse Gullhår og Keisarnevøen :) Tre klare favorittar :)

-Noko eg ikkje likar:
Eg kjenner aggresjonen rase gjennom kroppen berre av tanken på å skrape bil... FYSJ!

Og så skal eg liksom utfordre fem andre... Det veit eg ikkje om eg får til, men Kari, Eline og Frøken IJ kan få lov. Og elles alle andre som har lyst :)

5 kommentarer:

frøken ij sa...

Utfordringa e tatt :) Ha ei fin helg!

K@ri sa...

Done!
God helg :o)

K@ri sa...

Vannmenn er ikke rotete og surrete!
De er kreative og seriøse!!!! SÅ DET SÅ!!!!!!!!!

K@ri sa...

Så er vi i alle fall skulds :o)

K@ri sa...

Hei du!
Nå er det så lenge siden du har blogget, at jeg vurderte nesten en etterlysning :o)
Jo da! Ett nytt storsenter er åpnet i dag. Ved Glamox..... Det har vært det reneste Texas der sier avisene. Billig billig, vet du... Men det er jo sånn det bruker å være. Du får stikke innom der neste gang du sykler forbi :o)
Vakre tanker og god helg fra K@ri*