Tiddelibom
og hutte meg tu! Så det er difor leppene mine har tulla med meg dei siste dagane! Vérgudane har tatt feil rett og slett! Ok, ok. Kvite fjelltoppar er greit, men plenflekken vår skal då ikkje sjå slik ut enno?Vel vel. Det er berre tre ting å gjere: Kle seg godt når ein skal ut, gjere forefallande husarbeid,samt strikke.
Det er lenge sidan eg har vist fram strikking her no. Rett og slett av di eg ALDRI blir ferdig med nokon verdens ting... Det kjennest iallfall slik! Men eg har strikka sokkar med fletter frå tåa og opp.Labbar til Mannen frå tåa og opp, to på ein gong. (Eg har aldri fått så mykje merksemd på kveldsvakt nokon gong...)
Denne omslagskjolen har vore ferdig, men umontert, aldri så lenge. (Spark meg bak!)
Og resten kan eg faktisk ikkje vise fram, for om du vil det eller ei: Det går mot jul!


1 kommentar:
Fysj, ja nå er det kaldt ute, men snøen er heldigvis bare i fjella her foreløbig.. selv om mannen tror han så at de var ute å salta veiene i går.. så jeg må vel bare innse at vinteren er på vei..
Legg inn en kommentar