29 januar 2010

Betraktningar frå hovudstaden

Ei ny skuleveke i hovudstaden er over, og for ei veke! Mykje aktivitet, og ekstremt gode forelesarar. Eg kjenner meg som eit nytt og betre menneske :D Elles var Oslo roleg for min del denne gongen. Eg heldt meg mykje "heime" på Bygdøy. Møtte Ingunn ein kveld, og det var jo naturlegvis svært hyggeleg. Hyggeleg å bu hos Silje og Thomas også. Det er herleg, og hakket meir avslappande, å vere i ein heim og ikkje til dømes på eit motell. Når det i tillegg er ein så gjestfri heim har eg ingenting å klage på! Då er det kanskje verre med dei, stakkars, som må slite med meg som inntrengar...

Det er mykje eg kunne ha sagt om hovudstaden, men i staden seier eg litt om Gardermoen. Eg satt nemleg på ein kafé der i 3,5 time i dag og såg på folkelivet. Deriblant Mari Maurstad. Ho er heilt sånn som du trur ho er ;) Eg følte meg svært så busy, urban og viktig der eg sat og las prosjektrapportar og drakk medium mocca medan eg venta på at flyet skulle frakte meg heim frå eit bra kurs gjennom jobben til generalprøve med Aurum. Livet - det er heilt allright.

Og i morgon skriv vi under kontrakt på bolig, og om under to månader kan eg plaske i eige badekar medan bilen står tørt i garasjen og oppvasken gjer seg sjølv! :)

PS: Hugs konsert med Aurum i Lademoen kirke søndag 19.30!

1 kommentar:

Anonym sa...

Det var veldig koselig å se deg igjen Ingeborg :) Lykke til på konserten i kveld!

Klem Ingunn