Det var hyggeleg at du kom...
...men endå hyggelegare at du drog att!
Eg veit ikkje heilt om dette utsagnet passer fullt ut til det faktum at jula har kome og gått, men i dag rydda eg iallfall bort julepynten. Jada mamma, eg veit at det er i morgon det er 13. dag jul, men det var i dag eg hadde fri! No er det gjort, og det er ganske tomt og nakent der pynten stod... Kraftig forsterka av den bitande kulda ute! Men eg klagar ikkje, her eg sit inne med pc, strikketøy, varm te og god samvittigheit for alt eg har fått gjort i dag :) Så kan eg jo også lukke augene og drøyme om den varme stova, og bugnande matbord i Hansgarden :)

3 kommentarer:
Som ein god kamerat sa etter at nokon sa det var godt å byrje på arbeid att etter ferien: Å? Kvar var det godt?
Kvar er gamalosten på bordet?
Gamalosten er ikkje der av di det i Hansgarden utelukkande er GOD mat på bordet ;)
Legg inn en kommentar