10 januar 2010

Øvingshelg med Aurum :)

I helga har vi hatt øvingshelg med favorittkoret mitt, og der har vi vore svært så flittige. Flittige sangarar, og meiningsutvekslarar (viss det er eit ord...?) Vi har nemleg hatt årsmøte og medlemsmøte også, og i Aurum har slikt ein tendens til å trekke ut. Vi kom da i mål til slutt, så no har vi nytt styre, nye komitéar og det eine med det tredje. Og turnésjef, ja det vart meg... Trøste og bære... Det blir litt av ein tur! Meir om det, plateslepp og 5-årsjubileet i 2011 ;)

Ikkje berre har vi vore flittige koristar; i pausene er vi nemleg ein solid gjeng flittige strikkarar også. Så no er pulsvarmarane Augusta ferdigstilte. (Takk til denne dama som deler ein del av oppskriftene sine gratis!) Mannen kom med eit utsegn om at det jo sikkert hadde vore godt å bli ferdig med trådfestinga med ein gong, så då gjorde eg det. Eg trur han er i ferd med å utvikle ein strikkehjerne ;)

Og no er det PC-veske til min nye Asus på pinnane, og tusenogtoogtredve planer i hovudet...

2 kommentarer:

frøken ij sa...

Flotte pulsvarmere :) De så gode ut. Skal strikke meg et par et hvert jeg også, trenger et par som kan ligge på hytta. Er jo ikke allitd man husker lt man trenger.. ;)

Marit sa...

Herlighet so flittig du er med pinnane!!!