21 februar 2010

Blir eg noko klokare skal tru?

Eg har brukt mykje av helga på studier. Oppgåveskriving og noko lesing. Uhyre interessant er det, men tidkrevjande også! Eg har som mål å vere ferdig med neste oppgåve noko tidlegare enn innleveringsfristen, sånn at eg får flytta over i ny leilighet i fred og ro ;)
Når eg let meg forstyrre av OL (og det skjer ganske ofte), erstattar eg gjerne bøker og pc med strikketøy. Binærskjerfet veks sakte men sikkert, og i tillegg har eg produsert ein klut til. Den forrige tok eg sjølv (må jo prøve ut produkta), men denne går nok i gåvekassa.

(Klarte ikkje å få fram mønsteret på bildet, men det står LOVE altså ;) )
Kanskje går den som tilleggsgåve til Ladeprinsessa mi? Ho fyller nemleg 6 år i dag! Gratulerer så mykje vennen min! Bursdagsklem frå tante :*

Ingen kommentarer: