19 februar 2010

Eg er visst litt engasjert...

Meir engasjert enn eg ante, faktisk! I OL. Facebookstatusane mine dei siste dagane vitnar om at eg følgjer ivrig med. Ikkje på alt såklart, men eg frydar meg med jubel, applaus og gledestårer over Tora, Emil, Ole Einar, Aksel, Petter, Marit osv osv. Meisterskapet har tatt seg opp må eg seie :) Og er du eigentleg klar over kor spanande det er med snowboard-cross? Og Curling?? Vintersport er best på tv spør du meg, men eg har vore i marka sjølv også eg altså ;)

(Bildet er henta frå nettsidene til NRK)

Kommentatorane sett jo også sitt preg på OL, med hanglande (men likevel stemningsskapande!) limericks og andre gullkorn. Eg har samla opp nokre favorittar:

-Han viser glimtvis av storhet. (Hockeykamp, USA-NOR)
-Det hadde vært deilig å klå Canada på hjemmebane! (Første curlingkamp, NOR-CAN)

Og på ein foreløpig førsteplass (noko Knut Nærum tydelegvis er einig med meg i):

Pål Gordon Nilsen: Hva skjer i hodet på disse gutta nå, Thomas?
Thomas Alsgaard: Jeg tror det er mye mentalt!

Og med det ønskjer eg dykk alle ei strålande OL-helg vidare ;) Heia Norge!!

Ingen kommentarer: