Feitetirsdag
"Du mamma?" sa søskenbarnet mitt til mor si for mange år sidan, og fortsette om mi mor: "Ho tante e ei mykjy bere husmor ænj du, fer ho laga rømmegrauten frå botn!"Eg får god hjelp av Toro i mi kokkelering, og ikkje smakar det vondt heller. Ok, så er kanskje ikkje rømmegraut den mest gunstige kveldsmaten, men så er det ikkje feitetirsdag kvar dag heller!
Ungdommane på kokkelinja på Ladejarlen var godt forberedt stod det i Adressa i dag, men ikkje alle av dei hadde klart for seg kva feitetirsdag eigentleg er... Kanskje ikkje dumt med ein repetisjon for nokon og ein kvar? Ei rask googling, så er det oppfriska: Feitetirsdag er siste tirsdag før fasta. Fasta er frå sjuande onsdag før påske, og varar i 40 dagar - til minne om Jesu 40-dagarsfaste i ørkenen. Helst skal ein halde seg unna animalsk kost, men dette trur eg er meir vektlagt i ortodokse kyrkjer. Fasta har fått mindre og mindre fokus i protestantiske kyrkjesamfunn, men noko meir fokus på andeleg førebuing og meditasjon er det nok fortsatt i tida fram mot påske.
Mine førebuingar må eg innrømme for tida er av meir yrkesfagleg karakter, og i tillegg førebur eg meg mentalt på flytting. Og meditasjonen gjer eg gjerne med strikketøyet mellom fingrane. Denne kluten får eg til og med konkurransepoeng for!Også er det jo OL også, og eg kosar meg med det - sjølv om resultatet ser ut til å la vente på seg... Men heia Norge! Og Sverige også da, for nabofreden si skuld. Pluss at dei har så fine OL-huer ;)

1 kommentar:
Samme som du he strikka, ja. Hadde tenkt å strikke en anna vest, men so kom i over na her i køa mi. Såg at au hadde strikka`n au. Likte fargen, kjekt ma litt knallfarga :) Blir glad av sånt.
Legg inn en kommentar