14 juni 2010

Sjå lyset!

Etter å ha sjekka eksamensresultatet mitt på fredag bars det rett til malingsbutikken på laurdag. Dette måtte feirast! ;) Neida, maling hadde eg planer om denne helga uansett, for kvite vinduskarmar er meir i min smak enn trekvite! Og no ser eg altså lyset.
Eit par skjønnheitsflekkar det må rettast opp i er det nok, men nybegynnaren er fornøgd :) Og gjett kven som har endå meir lyst til å lysne kjøkkeninnredninga no! Det blir nok ikkje før etter ferien (eg seier ikkje kva for ein ferie...). Og først må ein jo bestemme seg for korleis ein vil ha det! Kanskje det er rom for litt stilfull kreativitet? Hm...

Men først: skjønnlitteratur og gåveproduksjon!
Ha ein lys og fin kveld :)

Ingen kommentarer: