27 juni 2010

Som perler på ei snor...

...har gjestane i tur og orden inntatt og forlatt toppetasjen denne helga. Slektningane til Mannen har vore innom opp til fleire gonger i løpet av dei to siste dagane. Ikkje alle på ein gong da. Men vi har fått tid til både byvandring, fotball-VM, sykkel-NM, fleire måltid, kake og kaffe. Det er kjekt å få vise fram leiligheita, og naturlegvis hyggeleg å møtast :) No har dei igjen dratt kvart til sitt, så no skal vi kose oss med meir fotball, medan Asko gjer opprydningsjobben for oss. Livet er slett ikkje verst :)

Nokre småglimt frå helga.

4 kommentarer:

Fru N sa...

Så koselig! Og gratulerer med avlingen;)

Marit sa...

Den kaka ser berre heilt fantastisk god ut! Gler meg til du skal bake den til meg i sommar...

Ingeborg sa...

Hehe, Fru N! Det blir kanskje nok jordbær til to glass smoothie! :)

Og oversøster; eg lagar den med glede! (Viss eg også får smake).

frøken ij sa...

Så ut som frustrasjonen forsvant med badevannet og at helg ble fin :) Håper uka blir fin også! Ha en trivelig sommer videre :)