Tor
Så fint vér som vi har hatt i dag! Endeleg kom sommaren! Og så kom Tor. Han er ute og slår med hammaren sin i ettermiddag. Kårkjerringa på heimgarden min sette seg på ein krakk midt på golvet når Tor var på ferde... Eg syns det er litt skummelt eg også, men samtidig litt fasinerande.Flotte naturbilete kan det iallfall bli om ein har augene, og kameraet, med seg! Så får heller den planlagte verandakosen vike plassen for kakerestar og innkos - igjen.

2 kommentarer:
Kjempestilige bilder! Tor har rekt over store delar av landet i dag, skjønar eg... Det vart sendt nokre skeptiske blikk mellom enkelte av oss her, då han hamra på det verste.
Eg skal helse frå fotografen og seie takk for komplimentet. Han var godt nøgd sjølv også ;)
Legg inn en kommentar