15 februar 2011

Mykjy fryd og mykjy varme

Nokon ristar småsjokkert på hovudet over at vi har investert i tørketrommel. "Ikkje akkurat strømbesparande," seier dei. Dei har kanskje rett. Men i dag kunne eg brette handklea og legge dei i skapet med ein gong, og tørketrommelen (som er plassert midt i leiligheita) varmar godt. Dermed får dei termostatstyrte panelomnane kvilt seg litt.
Den vordande mor kosar seg dessutan med tanken på at Lille Trille etterkvart kan trille og kravle rundt i ein bolig utan klesstativ i alle rom til ei kvar tid! Og den koselege tanken skal verte akkompagnert av nybakt brød :)
Når eg berre får vaska badet i morgon er eg klar for storfint besøk til helga. Gjett om eg gler meg!

14 februar 2011

Sånn halvveis

Årets hyttetur på Venabygdsfjellet er vel overstått. Eller altså, litt uvel må ein vel rekne med av og til. Litt sjukdom både blant to- og firbeinte (der sistnevnte faktisk endte i dødsfall...) og biltrøbbel (som gjorde at heimreisa var eit par timar forsinka, at vi ikkje turde å stoppe motoren på veg heim, at vi frykta ei skyhøg verkstadrekning og at humøret vart litt deretter) er sånt ein ikkje kan gjere så mykje med. MEN vi har da hatt det fint likevel!
Veret blir berre flottare og flottare for kvart år vi er der oppe, så ikkje veit eg kvar det skal ende! 17 minusgrader er likevel litt for kaldt for skitur for ei forkjøla frue, så eg heldt meg til kortare fotturar og hyttekos denne gongen.Mellom veterinærturar og sjukepleie fekk våre hundevenner også tid til eit par turar med flokken sin. Det ser jammen ikkje så verst ut!Mannen fekk seg eit par skiturar, og det gjorde det tredje paret i gjengen også. Dei har eg dessverre ikkje turbilde av, men Mannen testa ut sine kunstneriske ferdigheiter med kameraet innandørs.
Tja... Eg har vel sett både betre og dårlegare bilete... Men modellane er bra iallfall :) Og det var omgjevnadane også.
Så om helsa og bilen og humøret og slikt var sånn halvveis, er menneska og naturen heilveis! ;)

Forresten er eg også halvveis no. Halvgått svangerskap i går, på sjølvaste morsdagen :P
Tida går fort, og eg innser at det er diverse som skal ordnast. I dag kom iallfall tørketrommelen på plass, så slepp vi å ha tørkestativ i alle rom i all framtid ;)
Og for dei som lurer; Jepsi har hatt det fint på ferie, og vi slapp den frykta verkstadrekninga. God alle-hjerters-dag til dykk alle! :)

10 februar 2011

Vekene flyg avgarde!

Eit kjapt blogginnlegg mellom slaga! Det er mange som spør etter meg, og det er jo kjekt :) Kvifor det ikkje har skjedd noko her på ein månads tid har eg inga unnskyldning for. Eg er i fin form (bortsett frå forkjølelsen eg har akkurat no), og det har skjedd mykje. Urframføring med Aurum i Nidarosdomen, strikkeframgang, tett avløp på badet, veksande mage og det eine med det sjette!
Her er fruen 19 veker på veg, og har for få dagar sidan vore på ultralyd og konstatert at alt står bra til med Lille Trille :) Magen tek til å visest såpass at andre enn Mannen og eg sjølv ser han, og det er jo kjempestas!
Og ja, frua strikkar. Akkurat no strikkar eg eit nytt par kattesokkar, som ei venninne fekk "gåvekort" på frå meg til jul ;) Sjølv fekk eg alpakkagarn i denne nydelege farga frå ei anna venninne, og noko av det har vorte til denne lua frå Garnstudio. Stilig ja? Den er kanskje litt romsleg, men vi får sjå kva som skjer etter ein vask ;)
Eg veit ikkje om eg kan seie at babykledeproduksjonen er i gang eigentleg, for denne vesten var i utgangspunktet tenkt til sonen til ei venninne... Tingen er at nevnte son voks fortare enn eg strikka... No har eg berre att å sy i knappar på skuldrane. Fadderbarnet vårt på Sunnmøre fekk ein lik ein i dåpsgåve. Så gjenstår det å sjå om eg beheld denne sjølv eller gjev han frå meg!

Kva meir? Jo, sidan eg nevnte tett avløp på badet... Mannen trudde eg nedkom i badekaret då eg for nokre veker sidan sette i eit skrik som skremte han opp frå sofaen og ut på badet. Der fossa vatn opp frå sluket etter at eg tok proppa ut frå badekaret... Heldigvis var det ikkje verre enn at vi fekk fiksa det på eiga hand! Og når eg seier vi så meiner eg naturlegvis han!
Sjå på denne herlegheita han fiska opp! Tusen takk! Kva skulle eg ha gjort utan deg!? Sannsynlegvis kasta opp utover heile badegolvet :P (PS: Bildet er arrangert, og alt mageinnhald heldt seg der det skal vere!)

Kva meir kan eg seie? Kvardagen ruslar og går nokonlunde som normalt. I helga skal vi på vår etterkvart så tradisjonsrike vinterhyttetur med gode vener, og i den anledning skal Ladeprinsessa vere barnevakt til Jepsi. Det trur eg ho klarar med glans :) Og for dei som lurer; Jepsi er fortsatt ein liten sjarmør, sjølv om alderen har teke vekk ein god del av sjarmørstripene på hovudet. Eg trur nesten han gler seg litt til å bli storebror også!
Også skal eg altså prøve å ikkje la det gå like lang tid til neste oppdatering! God helg! :)

09 januar 2011

Monsterkeisaren!

Det vart lite strikka julegåver denne jula. Berre keisarnevøen nede på vestlandet fekk heimelaga mjuk pakke denne gongen, med denne monsterbuksa - som sikkert er alt for stor foreløpig...
Ikkje har eg høyrt om monsteret fall i smak heller... Det var eit hint, Marit ;) Uansett, skulle nokon vere interessert så er det denne oppskrifta eg har teke utgangspunkt i.

08 januar 2011

Det kjem, det kjem!

Som nevnt i kavalkaden er både fotoarkivet og bloggarkivet tynt dei siste månadane av det siste året, og eg skuldar mellom anna på variabel helsetilstand. Mangel på overskot er kanskje eit betre uttrykk. Men noko har eg då gjort på gode dagar :) Desse sokkane har vore i bruk eit par månader no, og har hausta mykje skryt rundt omkring.
Kva er det som er så fantastiske med desse, spør du kanskje. Blå og kvite striper er vel ikkje så spesielt? Nei ikkje i utgangspunktet, men det som fasinerte meg, og dei som har skrytt av dei, var dette:
Ein kattepus med lang krøllete hale :) Alice's illusion socks er strikka i ein teknikk som gjer at du ser mønsteret kun frå enkelte vinklar, og det var ikkje vanskeleg å få til heller :) Oppskrifta finn du her - på engelsk.

Og viss du vart bekymra for helsetilstanden og energinivået mitt kan du berre slutte med det altså, for det kjem seg no, og legen har presisert at dette ikkje er ein sjukdom ;)
Men det spørs om strikkeprodukta framover kjem til å ha meir fokus på h*n som kjem i juli ;)

03 januar 2011

På tide...

...med ei bloggoppdatering? Definitivt! Og tradisjonen tru startar eg bloggåret med eit tilbakeblikk på året som har gått.

Januar
(Gråkallen kikka opp frå tåka)

Mannen og eg starta året med å gjere ting vi ikkje kan. Unnskyld; kunne. Ikkje berre prøvde vi oss på nye matrettar, men vi slo faktisk til og kjøpte oss vår første leilighet! Toppetasjen på Byåsen vart vår på papiret, og nedteljinga til overtakinga tok til.

Februar
Bloggarkivet for februar vitnar om skulearbeid, strikking, OL og tantetilværet. Sistnevnte vart utvida med ein liten Prins nede på vestlandet.

Mars og april
Badekar, oppvaskmaskin, større kjøkken, nyoppussa bad, spisskammers, balkong.... Både bloggarkiv og fotoarkiv er klar i sin tale i forhold til kva som opptok oss i mars og april månad. Overtakinga av leiligheta var eit faktum, og livet i toppetasjen tok til. Eit liv eg kan like :)

Mai
Det ser ut til at balkongen har stått i fokus i mai. I tillegg til prinsedåp, ein Romsdalstur, markatur, og siste skuleveke i vidareutdanninga mi. Det minner meg om at det var ein travel vår igrunn, med skule, eksamen, flytting og det eine med det tredje. Men eg kom då i mål :)

Juni
Tilsynelatande har eg stort sett stått på kjøkkenet i juni. Iallfall dersom arkiva mine speglar sanninga, med rabarbra, urter, diverse bakverk og mamma sine kjøttkaker! Men dei speglar også gode familierelasjonar og vennskap :) Og torevér ;)

Juli
Juli var mykje godt ferie - med mykje aktivitet! Vi var fadderar til ein liten prins i Ålesund, vi feira og kosa oss med familie heime på Vågstranda, vi var på fleire turar i Bymarka og i Romsdalsfjella - med det geografiske høgdepunktet på flotte Trollstolen. Ein herleg månad på alle vis, avslutta med kjærestetur til Paris og London :)

August
Vi avslutta ferien med nokre varme dagar i Sandefjord saman med svigers, før vi vende nasen heimover til Toppetasjen att. Der kunne vi nyte resten av sommaren, kun avbrutt av jobb på dagtid ;) Ein sommar med mange gode minne å sjå tilbake på.

September

Sjå på denne jenta da! Hehe... Utan å ha site på ein hest sidan ferien i Legoland sommaren 1989 sa eg ja til å bli med mi gode venninne frå vidareutdanninga på ridehelg på Hjerkinn i september. Ei kjempeoppleving! Ein dyregod månad i det heile tatt, for vi utvida familien med eit flott eksemplar av ein undulat :) Og ny sofa.

Oktober
Blåhøa i Trollheimen var med på å sette standarden for oktober. Ein kjempetur med gode vener er aldri å forakte! Elles inneheldt oktober besøk frå oversøster &co, nye briller og nye strikkebøker. Dessutan rakk eg også ein blåtur med koret til Åre, og å halde eit innlegg om fysisk aktivitet på Midtnordisk konferanse i psykisk helsearbeid.

November og desember
Dei to siste månadane dette året var fylt med musikk. Først og fremst Aurum, og to konsertar med dei, men også eit besøk til det nye museet i Trondheim; Rockheim. Det har også vore månadane med variabel helsetilstand, noko både aktiviteten på bloggen og med Nikon bekreftar. Men vi avslutta iallfall året med ei hyggeleg julefeiring med svigers, og hyggeleg nyttårslag med gode vener her i toppetasjen.

Det har vore eit innhaldsrikt år på så mange vis, og det komande blir nok ikkje mindre spanande. Eg har trua på at 2011 blir nok eit år der vi får bryne oss på ting vi ikkje kan. Og utfordringar - ja det er utviklande :)

Godt nytt år!

02 desember 2010

Tante Ragnli?

Eg veit at tante, altså eg, har hatt kjekke dagar på besøk i Votloheimen saman med tre søte tantebarn og foreldra deira.
Eg trur prinsesse Gullhår syns det var koseleg at tante kom på besøk og vart med på Putti Plutti Pot, adventsfest, Y-klubb, pepparkakehuspynting, leksearbeid, lesing og diverse. Og eg trur keisaren elskar tante Ragnli (altså tante Ingeborg, altså meg), og at ho var med på pusling, lesing, bursdagsfest i barnehagen, å sjå Ole-Brum-film og diverse. Og eg trur prinsen, som er 9 månader gamal, har lært å seie tante. "Th-th" høyrest iallfall ut som tante i mine øyre ;) Det er uansett heilt sikkert at han seier "teeeeei" når tante har sagt "tit-tei" først :)
Og at svoger syns det var artig å servere smalahove til gjesten er eg heilt sikker på. Godt var det også, sjølv om det var litt arbeid å finne kjøtet ;)

Takk til alle på Votloheimen for denne gong :)