Sånn halvveis
Årets hyttetur på Venabygdsfjellet er vel overstått. Eller altså, litt uvel må ein vel rekne med av og til. Litt sjukdom både blant to- og firbeinte (der sistnevnte faktisk endte i dødsfall...) og biltrøbbel (som gjorde at heimreisa var eit par timar forsinka, at vi ikkje turde å stoppe motoren på veg heim, at vi frykta ei skyhøg verkstadrekning og at humøret vart litt deretter) er sånt ein ikkje kan gjere så mykje med. MEN vi har da hatt det fint likevel!Veret blir berre flottare og flottare for kvart år vi er der oppe, så ikkje veit eg kvar det skal ende! 17 minusgrader er likevel litt for kaldt for skitur for ei forkjøla frue, så eg heldt meg til kortare fotturar og hyttekos denne gongen.
Mellom veterinærturar og sjukepleie fekk våre hundevenner også tid til eit par turar med flokken sin. Det ser jammen ikkje så verst ut!
Mannen fekk seg eit par skiturar, og det gjorde det tredje paret i gjengen også. Dei har eg dessverre ikkje turbilde av, men Mannen testa ut sine kunstneriske ferdigheiter med kameraet innandørs.
Tja... Eg har vel sett både betre og dårlegare bilete... Men modellane er bra iallfall :) Og det var omgjevnadane også.
Så om helsa og bilen og humøret og slikt var sånn halvveis, er menneska og naturen heilveis! ;)
Forresten er eg også halvveis no. Halvgått svangerskap i går, på sjølvaste morsdagen :PTida går fort, og eg innser at det er diverse som skal ordnast. I dag kom iallfall tørketrommelen på plass, så slepp vi å ha tørkestativ i alle rom i all framtid ;)
Og for dei som lurer; Jepsi har hatt det fint på ferie, og vi slapp den frykta verkstadrekninga. God alle-hjerters-dag til dykk alle! :)

2 kommentarer:
Jippi! Her er det bare å fortsette med vakre tanker skjønner jeg;-)
Klem fra K@ri*
Ja det var jo litt av en tur, men det var jo hyggelig sånn innimellom syk/dødhund og biler som ikke ville starte :) Vi har nå fått obdusert hunden, og dere kan trygt bli med på hyttetur en annen gang- det den døde av er ikke vanlig så det skjer nok ikke igjen (En skikkelig dose uflaks, så veterinæren)....
Tone
Legg inn en kommentar