15 februar 2011

Mykjy fryd og mykjy varme

Nokon ristar småsjokkert på hovudet over at vi har investert i tørketrommel. "Ikkje akkurat strømbesparande," seier dei. Dei har kanskje rett. Men i dag kunne eg brette handklea og legge dei i skapet med ein gong, og tørketrommelen (som er plassert midt i leiligheita) varmar godt. Dermed får dei termostatstyrte panelomnane kvilt seg litt.
Den vordande mor kosar seg dessutan med tanken på at Lille Trille etterkvart kan trille og kravle rundt i ein bolig utan klesstativ i alle rom til ei kvar tid! Og den koselege tanken skal verte akkompagnert av nybakt brød :)
Når eg berre får vaska badet i morgon er eg klar for storfint besøk til helga. Gjett om eg gler meg!

3 kommentarer:

K@ri sa...

Dyktige du :-)
Men husk du skal ikke slite deg ut. Nå har du lov å hvile og slappe av. Travelt blir det nok etterhvert.
Vakre tanker fra K@ri*

Marit sa...

Tørketrommel midt i stua??? Har ikkje de slik stort fint bad??? Eller er det berreigjen eit utslag av den gnitne søstera mi ;-)

Ingeborg sa...

Stova mi er ikkje midt i leiligheta. Det er det vaskerommet som er. Så det så. ;)