27 juni 2011

Mormor og eg - og Lille Trille

Eg er glad i tradisjonar, gjenbruk og arvegods. Ikkje for ein kvar pris, og ikkje kva som helst såklart, men denne er eg utvilsomt allereie veldig glad i!
Mi kjære mormor sov i denne korga den gongen ho var spedbarn i 1917. Mange har heilt sikkert brukt ho opp gjennom forrige århundre, før eg sov i ho i 1982/83. Og no blir det snart Lille Trille sin tur :)
Mamma har formsydd kanten ein gong i tida. Og teppet som ligg oppi er det, som den observante lesar nok hugsar, eg som har strikka. Du og du så koseleg det skal bli å ta i bruk korga att!

26 juni 2011

Sommar!

Etter litt misnøye med kalde dagar ei vekes tid er det herleg med sol og sommartemperaturar att i dag! Det er hakket trivelegare å grille i solskinn enn i torden ;) I går var vi i Gauldalen og grilla, der svoger og svigerinne ferierte. Og Marley da.
I dag hadde vi også tenkt å grille, heime denne gongen, men så kom pappa og spanderte middag på Tavern i staden. Grilling utsatt til i morgon ;) Og i morgon skal de få sjå kva anna mamma og pappa hadde med i bilen! Nostalgi er fine greier :)

23 juni 2011

Kvalitetstid med Jepsi

Eg kosar meg og slappar av heime om dagane. Jordmor har anbefalt 2-3 avslapningsrunder på sofaen per dag, og eg er jo ei lydig sjel ;) Så eg benyttar anledningen til å kose meg med gode bøker og slikt, medan Jepsi bidreg med beroligande 'pling-plong'-musikk på matfar sin kassegitar ;)
Og sånn går dagane ;) Ikkje så verst med andre ord!

Eg har forresten bestemt meg for å legge passord på bloggen etterkvart. No som innhaldet naturleg nok vil bli endå meir privat, og involvere barn i større grad, vil eg ikkje at bloggen skal vere tilgjengeleg for alle og ein kvar, men vere begrensa til slekt og vener. Eg kjem til å sende ut påloggingsinformasjon til dei eg vil skal ha tilgang, men det kan jo vere eg i svangerskaps- og/eller ammetåke gløymer nokon. Dersom du meiner du fortener tilgang må du difor ikkje vere redd for å ta kontakt på facebook eller sms :)

21 juni 2011

Stellekroken er klar

Stellekroken på badet er i bunn og grunn klar til dyst trur eg. Stellematte, badebalje, bleiebøtte, bleiar, klutar, handkle, og nyvaska babytøy i dei minste størrelsane ligg no klart.
Så då er det berre for Lille Trille å kome, så vi får lært oss dette med bleieskift og stell! ;)

20 juni 2011

Først og fremst...

...GRATULERER til det flotte brudeparet! Eg både håpar og trur dagen vart slik de ville; BRA!
Eg hadde det iallfall bra, så snart nivået av stresshormon i kroppen hadde komme ned på eit ok nivå... Det har seg nemleg slik at medan Mannen var på jobb på fredag skulle eg gjere klart til avreise med toget 15.39. Det gjekk forsåvidt fint det, heilt til eg i det vi svinga inn på togstasjonen innsåg at Mannen sin dress hang att heime... Og Mannen sin dress betyr jo i dette tilfellet forlovaren sin dress... Etter ein del tårer og det vi i kognitiv terapi kallar 'negative automatiske tankar' klarte Mannen sakte men sikkert å overbevise meg om at dette kom til å gå bra. Vi kunne jo berre kjøpe ein ny dress i Oslo på laurdag! Og eg som er så glad i shopping og å bruke pengar... Mora til brudgommen lånte oss strykejernet og prestekontoret sitt 45 minutt før vigsla, så vi fekk stryke kvitskjorta til forlovaren og skifta i tide. Stresset til tross: resultatet vart jo ein ny fin dress!
På slutten av kvelden (vi var dei siste som forlot lokalet! Sprek ja?) kom den gravide på at ho også hadde lyst til å vere med på eit bilete. Difor litt trøtt i trynet, men eg måtte jo få foreviga kjolen! Og dressen ;)
Både Lille Trille og NSB oppførte seg eksemplarisk heile helga, og det som skar seg i starten fekk jo ein happy ending :) I tillegg fekk vi treft att mange gamle kjenningar, og først og fremst: Mannen sin beste kamerat er endeleg smidd i hymens lenkjer han også :)

16 juni 2011

Kosen fortsett

Joda, eg har klart å svi av nokre hundrelappar i dag også eg... Men no er også det meste klart! Stellekroken på badet har tatt form i dag, med klutar, handkle, badebalje og meire til. Whirlpoolane mine har gjort ein solid innsats i dag igjen, med vasking av dei minste størrelsane, handkle, sengeklede og diverse vogndelar. Redebygging er koseleg! Iallfall når eg kan fordele det utover dagen, iblanda balkongliv med Harry Hole og saftis ;)

I kveld har eg svinga meg litt framom kjelane også. Resultatet av ein drøy kilo rabarbra ser du her:
Eg googla 'rabarbrasyltetøy' og fann fram til den fantastiske bloggen 'Mat på bordet'. Der var det mange fristelsar! Mellom anna då altså 'Rabarbrasyltetøy med vanilje'. Klikk deg inn og la deg friste du også! Eg er sikker på at eg skal innom der igjen med tid og stunder. Og eg er sikker på at dei tre avbilda glasa kjem til å forsvinne ganske så fort! NAM!

15 juni 2011

Permisjon

I dag er min første dag i permisjon, men eg har allereie hatt fri i fire dagar. Dei har eg fylt opp med avslapning, grilling, tur i torevêr, baking, avslapning, frisørtime, strikking, shopping, kinotur og endå meir avslapning. Eg kosar meg :) Det trass i gårsdagens pengeforbruk... Gjerrigknarken i meg steilar, men av og til berre må ein - ikkje sant?

Først frisørtimen. Eg tenkte som så at det kan bli lenge til neste mulegheit! Og eg vart godt nøgd. Dessutan skal vi jo i bryllup til helga, så det var jo greit å renske opp litt. Når ein skal i bryllup, og Mannen attpåtil er forlovar, er det jo klart ein må ha med gåve. Medan dama i butikken var på lageret og henta det eg skulle ha fann eg noko til meg sjølv også eg like greit. Så var det kjole til bryllupet, og sidan eg ikkje har visst kor stor eg kom til å bli har eg utsatt handelen til no. Det endte med at eg kjøpte to...

Frå butikken Bellykiss i Fjordgata
Frå Vero Moda

Når eg først var innom Torget snubla eg over eit par sko også gitt...
Og når eg først var i byen var jo vegen inn til garnbutikken kort. Dermed har eg kjøpt garn til ei planlagt jakke til Lille Trille. I tillegg har Barnas Hus bilsetekampanje for tida, så no er det også i boks.

Midt oppi pengeforbruket har eg jo etter tips frå svigers erverva gratisting også. Det finst utruleg mykje tilbud til oss gravide rundt omkring. Dette bestilte eg frå babybaby.no, og vips kunne eg hente ei gratis pakke med diverse i på Vitus apotek. Bleiar, eingongsklutar, smokk, sangkort, cd med klassisk musikk, diverse prøver på hygieneartiklar (til heile familien), lesestoff til dei vordande foreldre ++. No ventar eg på noko liknande frå liberoklubben.
Og i det eg var ferdig med siste arbeidsdag før permisjon dumpa det ei pakke frå svigers ned i postkassa mi også. Dei veit kva eg likar ;) Tusen takk - eg er allereie godt i gang.
Faktisk trur eg eg skal fortsette litt akkurat no! Eg har klesvaskedag i dag, og då gjer jo Whirlpool det meste av jobben sjølv ;)