20 juni 2011

Først og fremst...

...GRATULERER til det flotte brudeparet! Eg både håpar og trur dagen vart slik de ville; BRA!
Eg hadde det iallfall bra, så snart nivået av stresshormon i kroppen hadde komme ned på eit ok nivå... Det har seg nemleg slik at medan Mannen var på jobb på fredag skulle eg gjere klart til avreise med toget 15.39. Det gjekk forsåvidt fint det, heilt til eg i det vi svinga inn på togstasjonen innsåg at Mannen sin dress hang att heime... Og Mannen sin dress betyr jo i dette tilfellet forlovaren sin dress... Etter ein del tårer og det vi i kognitiv terapi kallar 'negative automatiske tankar' klarte Mannen sakte men sikkert å overbevise meg om at dette kom til å gå bra. Vi kunne jo berre kjøpe ein ny dress i Oslo på laurdag! Og eg som er så glad i shopping og å bruke pengar... Mora til brudgommen lånte oss strykejernet og prestekontoret sitt 45 minutt før vigsla, så vi fekk stryke kvitskjorta til forlovaren og skifta i tide. Stresset til tross: resultatet vart jo ein ny fin dress!
På slutten av kvelden (vi var dei siste som forlot lokalet! Sprek ja?) kom den gravide på at ho også hadde lyst til å vere med på eit bilete. Difor litt trøtt i trynet, men eg måtte jo få foreviga kjolen! Og dressen ;)
Både Lille Trille og NSB oppførte seg eksemplarisk heile helga, og det som skar seg i starten fekk jo ein happy ending :) I tillegg fekk vi treft att mange gamle kjenningar, og først og fremst: Mannen sin beste kamerat er endeleg smidd i hymens lenkjer han også :)

2 kommentarer:

frøken ij sa...

Dei sei at ting som blir "feil" eller ikkje slek som dei sku, d e tinga som gjær at me huska den begivenheten godt i etterkant. So sjøl om d va kjedlig å glømme dressen, so e d nok au d som gjær at dåkkå vil huske d bryllupet her godt i lang tid framover - og, om dåkkå ikkje gjær d allerede, vil vare nåkkå dåkkå flire godt av ;)

I hekje troffe d mens du he hatt Lille Trille inni magen, og no nærma d se ma stormskritt, men kanskje me fær t barselbesøk når Lille Trille he komt t verden? :) Go sommar og lykke t må dåkkå ha uansett :D

Kathrine sa...

Det var et flott bryllup - også så artig å tenke på i ettertid at dressen blei igjen hjemme! Ha ha! Gratulerer med lille Trille - nydelig var han :) (Kathrine)