Mormor og eg - og Lille Trille
Eg er glad i tradisjonar, gjenbruk og arvegods. Ikkje for ein kvar pris, og ikkje kva som helst såklart, men denne er eg utvilsomt allereie veldig glad i!Mi kjære mormor sov i denne korga den gongen ho var spedbarn i 1917. Mange har heilt sikkert brukt ho opp gjennom forrige århundre, før eg sov i ho i 1982/83. Og no blir det snart Lille Trille sin tur :)
Mamma har formsydd kanten ein gong i tida. Og teppet som ligg oppi er det, som den observante lesar nok hugsar, eg som har strikka. Du og du så koseleg det skal bli å ta i bruk korga att!

2 kommentarer:
Kjempekoseleg! I morgon sender eg endeleg eit par dyner og ein del sengetøy og div. Då blir det rett so koseleg oppi der!
Hei Ingeborg! Long time.. Koselig å se hva som foregår hos deg,gratulerer så mye :) Kurven var kjempefin, og så hyggelig å kunne ha noe sånt!
Legg inn en kommentar