Kvalitetstid med Jepsi
Eg kosar meg og slappar av heime om dagane. Jordmor har anbefalt 2-3 avslapningsrunder på sofaen per dag, og eg er jo ei lydig sjel ;) Så eg benyttar anledningen til å kose meg med gode bøker og slikt, medan Jepsi bidreg med beroligande 'pling-plong'-musikk på matfar sin kassegitar ;)Og sånn går dagane ;) Ikkje så verst med andre ord!
Eg har forresten bestemt meg for å legge passord på bloggen etterkvart. No som innhaldet naturleg nok vil bli endå meir privat, og involvere barn i større grad, vil eg ikkje at bloggen skal vere tilgjengeleg for alle og ein kvar, men vere begrensa til slekt og vener. Eg kjem til å sende ut påloggingsinformasjon til dei eg vil skal ha tilgang, men det kan jo vere eg i svangerskaps- og/eller ammetåke gløymer nokon. Dersom du meiner du fortener tilgang må du difor ikkje vere redd for å ta kontakt på facebook eller sms :)

2 kommentarer:
Hei, du prioriterer kvalitetstid ilag med ein fugl, og ikkje ilag med mannen din, dette synes eg er litt alvorleg...
Nokon må jo jobbe også... ;)
Legg inn en kommentar