Fotografering forbode...?
I helga var det innflytningsfest hos Åshild og Espen i Oslo. Vi booka inn i residensen deira fredag kveld som lengst reisande og først ankomne. Eg var trøtt etter å ha stått opp tidleg for å tene til livets opphald, medan Steffen var kvalm etter eit relativt dårleg fastfoodmåltid på Bergbys før avreise... Til trass for dette vart det ein hyggeleg kveld, mykje takka vere godt vertskap og trivelege gjestar! 34 stk (=68 sko!?) inne i ei 45-kvadrats leilighet var meir enn nokon av oss hadde forventa, men med nokon på kjøkkenet, nokon i gangen og nokon i stova gjekk det strålande! Potetgull, dip, smågodt, sjokolade og anna snadder stod dandert rundt omkring, men det kjekkaste av alt var å sjå att folk ein ikkje hadde sett på veldig, veldig lenge!
Etter å ha sove frampå litt på laurdag tok eg og Steffen ein liten bytur. Målet mitt var å finne brudesko, men det fann eg ikkje. Derimot fann eg ein topp. (Bombe!) Så kjøpte vi oss middag før vi returnerte til vertskapet, for så å vende nasen mot svigers. Før vi køyrde til Hønefoss frakta vi Åshild og Espen til storebroren til Åshild. Då køyrde vi forbi mange store, dyre hus, ja, men viktigst av alt; huset til Drillo! Du verden, alt ein kan gjere i Oslo.
I Hønefoss sov vi faktisk det meste av tida trur eg. (Hyggelege gjestar ja...) Men vi fekk med oss at årets spelemann vart Vamp :) Det var bra. Då vart vi glade begge to. Etter middag returnerte vi til Porsgrunn i snøføyka. Ikkje ideelle køyreforhold nei, men det gjekk jo.
Bilder frå helga seier du? Nope. Men no har vi iallfall kjøpt batteri, så det er håp!

1 kommentar:
høres ut som en vellykket innflytningsfest! Man trenger ikke bilder, man kan bare bruke den imaginære sansen.
??
joda, det kan man.
Legg inn en kommentar