28 januar 2008

Berre eit par ting

I helga har vi investert i og starta arbeidet med vårt eige vesle økosystem. Vi har plassert det oppå kommoden i stova, og ein relativt stor del av helga har gått med til å lese seg opp og jobbe med materialet. Eg snakkar sjølvsagt om akvarium. Ein beholdar som tek 65 liter står no og godgjer seg. Vi har fylt det med uranusgrus, planter og vatn, og temperaturmålar, varmekolbe og pumpe med filter er naturlegvis montert opp. No står økosystemet vårt og modnar. Filteret opparbeider seg ein hensiktsmessig bakteriekultur, slik at avfallsstoffet frå fiskane vert omgjort til ufarlege stoff. På grunn av dette må vi vente ei veke, altså til førstkomande laurdag, med å kjøpe fisk. Då kan vi kjøpe ein algespisar og nokre få andre lettstelte og hardføre fiskar for å sjå om dei vil trivast. Eg kjem nok tilbake til vår nye hobby med bilete og det heile etterkvart. Gjett om vi håpar det blir spørsmål om akvarium på neste quizkveld! :D

Svoger Thomas hadde bursdag på laurdag. Vi var innom ein tur i går, søndag. Han serverte saft, gele og brownies. Han og Steffen spelte eit golfspel medan eg strikka. Kjempekoseleg :) Gratulerer med overstått. Vi kjem nok tilbake for meir golf-, fotball- og bilspel (og gele?) i løpet av vinteren og våren vil eg tru.

Det har vore storm på vestlandet. Han heiter Sondre. Med all respekt for dei skadelidne ønskjer eg likevel å vise til eit av hovedoppslaga på nrk sine nettsider. Dei melder at alle hus i hovudsak fekk stå i fred for herjingane til Sondre, men bebuaren i dette huset i Førde var ikkje like heldig... Eg kunne lagt ut eit bilete her, men eg trur det ville ha øydelagd spenninga. Trykk på linken!

I går var eg forresten på ein nydeleg konsert i Vår Frue kirke. Eit innlegg om den passar liksom ikkje heilt inn akkurat her, men eg kjem garantert attende til saka seinare i veka.

1 kommentar:

Anonym sa...

Åååå, stakkars Pip... Dårlig gjort av Sondre.