60-årsfeiring og deretter grilling og kubb
Eg heng liksom ei veke etter på det meste her i bloggen merkar eg. Difor er det vel på tide å ta for seg hendingane frå førre helg. Då var helga for mamma si 60-årsfeiring komen.
Sjølve dagen var i mai, men selskapet vart av praktiske årsakar lagt til denne helga. Av like praktiske årsakar var det heile lokalisert på Toftemo der mamma og pappa campar ein god del helger gjennom året. Då vi kom utpå laurdag ettermiddag var onkel Tormod sitt partytelt allereie oppsett, og grillane vart fyrt opp like etter. Mamma sine søsken med følgje, pappa sine søsken med følgje, mine søsken med familiane, samt mamma og pappa sitt feriefølgje dette året var til stades, og vi grilla og kosa oss heile kvelden.
Underteikna og mannen valde å telte natt til søndag. Regnet heldt oss vakne ei stund utover natta, men vi fekk då sove til slutt. Søndag formiddag spreidde folket seg på litt ulike aktivitetar i nærområdet. Vi heldt oss i nærleiken av den yngre garde store delar av dagen, og fekk dermed vere med både på bading, sisten og forskjelleg anna. Klokka 17 var det klart for festmiddag, med krepsehalar til forrett, innbakt kalv til hovudrett og ein alldeles nydeleg pannacotta med jordbær til dessert. Også kaffe og kaker da såklart. Innimellom alt dette vart det tid til både talar og skattejakt; sistnevnte for at mamma skulle finne fram til den lenge etterlengta klesrulla si som ho fekk i gåve frå søsken, barn og barnebarn. Vi hadde ei triveleg helg med familie og slekt, og eg trur/veit at mamma var nøgd også.
For ikkje å bli hengjande etter for evig og alltid kan eg jo nemne allereie no at vi har hatt fint ver i Trondheim dei siste dagane. Skikkeleg fint. Dermed var det sist fredag velegna for både grilling og kubb med gode vener. Og tp også. Ein koseleg kveld i parken og Klostergata. Det var fredag ja, og i går hadde vi besøk av Thomas og Silje. Grilling då også, samt OL-spel på x-boksen. Det drog litt ut, og mestringskjensla var vel ikkje øvst på kurva, men det var veldig kjekt med besøk da :) Vi gløymde såklart å ta bilde i går, men fredagen er ganske bra dokumentert her:
Finveret er i ferd med å takke for seg for nokre dagar, så i dag blir det innemiddag og wimbledonfinale i Klostergata. Men det er jo ikkje så ille det?







3 kommentarer:
Haha, mange bra bilder! Fredagen var veldig bra - og søndagsmiddag & tennis er ikke verst det heller :) Heia Nadal!
Ps. Roger Federer og Gwen Stefani er IKKE sammen!
Så fin kjole, Ingeborg!
Klem
Kjole? Åja, den ja! Jo takk :) London.
Legg inn en kommentar