Alle hjarte
Sjølv om klokka har passert midnatt i skrivande stund er det i mitt hovud fortsatt 14. februar. Valentine. Alle hjarte sin dag. Blæh! Misforstå meg riktig. Eg syns det er både rett, rimeleg og triveleg at dei som har kvarandre kjær viser kvarandre det, anten det no er med blomar, smykke, sjokolade eller kyss, klapp og klem. Det er denne kommersielle vrien der handelsstanden frydar seg i takt med dei høgfrekvente forelska pulsslaga eg er meir negativ til. Ja, du både skal og bør heidre mor, far og andre som står deg nær - men ver så snill å gjer det heile året da :)
Ikkje så mykje som ein gratulasjon, ei rose eller ein hjerteforma sjokolade har inntatt heimen vår i dag. Men kjærleiken er her i dag som andre dagar. Det vi derimot HAR gjort, er at vi har vore på elgmiddag hos eit vennepar (elg ER best død), delt ei flaske rødvin, spelt spel og hatt det heilt topp. Eg har inntrykk av at alle hjarte gledde seg, så sånn sett traff vi vel riktig dag? ;)

3 kommentarer:
Ja, slik syns hvertfall jeg at var en flott måte å tilbringe Valentine på! Vi koste oss masse :)
Vi også! Takk for invitasjonen :)
Her feirer vi heller ikke Valentines day. Er helt enig med deg at alle dager er til for å vise kjærlighet (selv om man ikke alltid er like flink til det..) og du har en overrskenede huslig mann. Tror aldri min hadde bakt boller selv.. Men han har jo andre gode kvaliteter da :)
Legg inn en kommentar