"Den månedlige"
Nei, dette er ikkje eit ekkelt og blodig innlegg. Det handlar om strikking! På Norsk Strikkeforum blir det arrangert ei konkurranse med namnet "Den månedlige". Det er nok ein del som får heilt andre assosiasjonar til tittelen, men konkurransa går ut på at ein kvar månad får eit tema. Ut frå temaet kan ein strikke opp til to forskjellege produkt som blir publisert anonymt på forumet. Når månaden er over kan alle medlemmane i forumet stemme på dei ulike bidraga. Den som har fått flest poeng totalt mot slutten av året blir kåra til "årets tema". I januar var temaet "Tilbehør - smykker, votter, luer, nåler, pynt...." Og her er mine bidrag:
Ein serviettring strikka i sølvtråd med perler tredd på:
Mønsteret heiter Venezia, og eg fann det via Ravelry.
Denne oppskrifta fann eg også via Ravelry, og er ei miniatyrveske ein til dømes kan pynte gåver med:
Eg vann ikkje denne månaden, men det var kjempeartig å vere med på likevel :)
I morgon reiser eg til Bergen. Gler meg!

5 kommentarer:
Så fint:) Du e litt sånn lage-smykker-dame, e du ikkje? eg har nemlig en plan om at du skal lære meg det...
Eg gjorde det meir før igrunn, og var aldri nokon meister... Så det spørs kva du tek til takke med :)
Fina bidrag du hade, speciellt ringen... great minds thinks alike.. ;o)
Serviettringen din fikk min stemme. Jeg syns den var kjempe flott.
Det er nyhetsklubben til strikk innom. Jeg får 4 pakker i året, betaler med paypal. Du kan lese om det her: http://www.strikkinnom.no/extra_info_pages.php?pages_id=24
Jeg har fått mye fint garn på denne måten :)
Legg inn en kommentar