22 februar 2009

Familie, strikking, bursdagar og musikk

"Hurra for kongen og Ladeprinsessa!" sa vi i går, og feira med taco, kaker og grand-prix-kveld. Ladeprinsessa fylte fem år, og i den anledning er både oversøster med familie og mamma og pappa på besøk i bartebyen. Og då blir det kalas må vite :)

Prinsessa blir glad for alt som er rosa, og var nok litt letta over at oversøster hadde strikka rosa skjerf og pulsvantar og ikkje batmandrakt!



Det er kanskje ikkje like lett å leve med at det er berre bursdagsbarnet som får bursdagsgåver, men eg syns Gullhår takla det bra. Kanskje det hjalp å låne ei krone, få vere med på skattejakt og finne noko søtt?



Den lille keisaren lot seg iallfall ikkje affisere der han gjekk frå fang til fang og blei utsatt for både kos, rim, regler og sangleikar. Her hos morfar:



I tillegg til Pippi-bok fekk Ladeprinsessa denne stilige lua frå meg og mannen:



Kari og Torbjørn var også her i helga, og Kari slengte seg med på grand prix-kveld hos Line. Det var veldig kjekt å sjå henne att, og endeleg fekk eg overlevert det hemmelege strikkeprosjektet mitt til henne:



Godt nøgd med siger til Alexander i GP sikra eg meg ei godt natts søvn før eg saman med Aurum sang under Høgmesse i Nidarosdomen i formiddag. Dermed gjekk eg glipp av gullet i skiskytarstafetten, men ein kan jo ikkje få med seg alt her i livet. No ventar eg på oversøster med familie som kjem hit på middag i dag, og så blir det kakerestar på Lade igjen etterpå. God søndag :)

9 kommentarer:

Anonym sa...

S I N N S Y K T S T I L I G E pianosokker!!!!!!!!!!!!!!!!!!!
Egentlig nesten litt misunnelig på Kari, men unner henne det!!!
BRA JOBBA, Marihøna!!!!

frøken ij sa...

Stilige sokker :D

Magaki sa...

Fantastisk kule sokker :)

Anonym sa...

Kjempeflotte sokker. Hvor finner jeg oppskriften, jeg lever i en musikantfamilie, mann, sønn, og svigersønn spiller tuba, eldste datter spiller fløyte og driller og yngste datteren spiller tenorsaxofon, og sist men ikke minst så spiller 2 av barnebarna henholdsvis tenorhorn og gitar. - og jeg bare administrerer hele korpset (tror jeg i allefall)

Ingeborg sa...

(:|:) - Ikkje sant? Tenkte litt på deg, men ikkje snakk om at eg strikkar eit par til. Ialllall ikkje på så tynne pinnar ;)

IJ - Tusen takk :) Er veldig nøgd.

Magaki - Takk, det syns eg også :) Lot meg inspirere av ei oppskrift på ravelry.

Charente - Takk :) Samme familieforhold som eg hadde i min oppvekst omtrent ;) Eg vart inspirert av ei oppskrift som heiter "Bakerloo" på ravelry, men eg skjønte den ikkje heilt. Difor adopterte eg berre tangentane over til garnstudio sine sidelengssokkar, og det funka fint :) Litt tynne pinnar, berre, men det styrer ein jo litt sjølv med garnvalg etc.

Anonym sa...

Kanskje d går an å strikke de på tykkere pinner, med mindre mengde tangenter? Skulle d ikke i teorien funke? Klemmer

Kari og Torbjørn sa...

Og eg må berre seie TUSEN TAKK for dei fantastisk flotte sokkane! Eg er heldig eg:)

Ingeborg sa...

(:|:) - Jo, det var det eg meinte. Med tjukkare garn og pinnar skulle det gå an :) Vi får sjå i oktober da ;)

Kari - den heldige vinnar ;) Glad du likte dei :) Klem.

K@ri sa...

Jeg skjønner godt at det er flere enn du som likte de strømpene ;-) Kjempestilige:-)

Og så kjekt at begge Marihønene er strikkeføre!

God klem fra Næs*