Ein god dag
I dag har eg hatt storebror sin familie på baccalaomiddag! Ladeprinsessa syns det var litt sterkt, men med rikeleg med flatbrød til gjekk det fint. Vi andre var godt nøgde alle mann trur eg :) Eg brukte ca denne oppskrifta denne gongen også, men hakka kvitløken sjølv, og hadde i meir soltørka tomatar og paprika. Også hadde eg ikkje i noko særleg med vatn. Denne gongen vart gryta meir smakfull enn sist, og det var jo fint :) Ladeprinsessa hadde plukka ut ein rosebukett som ho gav til vertskapet i det ho kom. At dei vart plasserte i ein hjertevase var nok midt i blink. Dessverre gløymde eg å ta bilde av gjestane, men rosebuketten har eg jo fortsatt her :)
Elles har Mannen vore ein tur i byen i dag, og det ser ut til at det ordnar seg slik at han får låne konsertsalen i Frimurerlosjen til målingar han skal gjere i samband med masteroppgåva si. (For dei som lurer kan eg seie at det er gode nyheiter!) Medan han var i byen kjøpte han ein gitar til meg. Ikkje ein vanleg gitar altså, men ein gitar til spelet "Guitar Hero". Det betyr at vi no kan konkurrere mot kvarandre, og det har vi gjort i kveld - aktive triggerpunkt i venstre skulder til tross... Mine strikkeinteresserte lesarar legg kanskje merke til det nydelege pleddet bak gitaren. Det er ikkje eg som har strikka det nei. Det er det Gulla mi som har gjort, for så å gje det til oss i bryllaupsgåve. Snille Gulla mi :)
Apropos strikking kan eg jo også nemne at eg, dersom ein ser bort frå monteringsarbeid, no er halvferdig med det tidlegare omtalte hemmelege prosjektet :) Det går sakte med meg og pinnar på 2,5mm på lag... Men det blir det blir!

3 kommentarer:
Hei.
Synn jeg tapte med glans på siste sangen fordi jeg sovna.
Ha-ha-ha. Sovna du liksom. Innsjå at i e best! ;)
Dette lukter det kollegafest av! Guitarhero, singstar og godt selskap... Når skal vi komme? ;)
Legg inn en kommentar