15 mai 2009

Flott, grill, hurra!

Vi har mange flotte solnedgangar for tida! Ikkje så ekstraordinære som på Vågstranda såklart, men dog :) Det kling godt i øyrene når eg høyrer at finvéret skal halde seg omtrent ut månaden, så får vi håpe at fin mai ikkje betyr dårleg sommar slik enkelte hevdar...



Eg har vore på Marinen og grilla med Aurum i dag. Ein veldig hyggeleg gjeng å grille med! Det var ei slags sommaravslutning dette da, men vi er ikkje ferdig med øvingane enno altså. Vi har så smått starta på konkurranserepertoaret til hausten, også skal vi jo synge i bryllup i juli :) Mykje å sjå fram til der med andre ord.

I morgon blir det også grilling. Og European Song Contest da såklart. Heia Alexander! (Etter å ha heia på MFK tidlegare på kvelden. Viktig, viktig!)

Også avsluttar vi helga med 17. mai da. Minn meg på at eg må stryke bunadsskjorta mi i morgon!
Posted by Picasa

2 kommentarer:

(:I:) sa...

Du sover sikkert nå, så da leser du dette når det er "i morgen". Derfor: -husk å stryke bunadsskjorta di! :)
God 17.mai!! :)
Klemmer

Ingeborg sa...

Hehe... Takk for at du passar på meg! God 17. mai til deg også :)