22 mai 2009

Utan tvil

Kjære godtfolk. Dersom eg nokon gong har vore i tvil, sjølv om eg ikkje trur det har vore tilfelle, så er eg iallfall overbevist på nytt no: Vågstranda er faktisk den vakraste stad på jord! Ok, eg kan strekke meg til å seie Romsdalen da. Eg trur jammen Jo Nesbø hadde rett når han i ei av bøkene sine skildra Romsdalen som staden Gud starta med når han skapte verda, og at han brukte så lang tid på naturen her at resten av verda måtte gjerast unna i ein fei. Ja, det må vere noko i det. Garantert!

Det er så fint her heime! Dette fanga eg berre på ei runde rundt huset...


...og tenk då kor mykje flott det må vere totalt i heile distriktet! Berre vent og sjå. I dag har eg tenkt meg til seters, og eg kjem nok til å knipse litt der også :)

Ingen kommentarer: