10 mai 2009

Mai er så flott!

Også i dag må eg starte med ein aldri så liten gratulasjon. I dag er det pappa sin dag, og han fyller 64. Gratulerer så mykje med dagen! Vi gler oss til å komme nedover om to veker :) Klem frå minstejenta og gemalen.

Dette er kanskje ikkje eit veldig flatterande bilde av nokon av oss... Men vi er iallfall saman! På fjellet. På Vågstranda :)

Som eg prøvde å få fram i innlegget i går var det husarbeidsdag. Heldigvis skya det over utover dagen, så eg kunne jobbe med litt betre samvit. (Men eg gjekk ein tur altså!) Soverommet/arbeidsrommet vart grundig tatt i går, og det er som om vi har fått eit nytt rom! Mannen har endeleg kunna levere tilbake måleutstyret han har brukt til masteroppgåva, og vips så hadde vi golvplass igjen. Så i går fekk eg rydda og sortert, kasta og systematisert, vaska og ordna - det er så herleg!

Decluttering er eit begrep eg vart introdusert for av Frøken IJ. Som de ser av linken går det ut på å kvitte seg med ting ein har men ikkje har bruk for lenger. Vel, her er eit utsnitt av søpla eg kvitta meg med etter gårsdagens ryddesjau... Deilig! (Og litt flaut nesten...)
I tillegg dukka det opp ein del ting som eg aktar å gje vekk eller selje eller byttehandle. Noko av det kjem kanskje til å dukke opp på bloggen, så følg med følg med ;)

Vi gjekk som sagt ein tur i går. Rundt Fuglmyra. Ei passe kort og passe lang runde for ein liten gåtur. Kvitveisen har nok begynt å tape seg litt no, men det bugnar fortsatt. Det betyr at det er vår, og den tenkjer eg å nyte til fulle vidare. Det er masse sosiale happenings i mai. I går var vi hos Kristine og Gunnar i den nye, flotte leiligheta og åt pizza. I kveld er det Bonderomantikk. Snart nærmar det seg ein liten sommarfest med Aurum, grand-prix (heia Alexander!), 17. mai, ein tur heim til Romsdalen... Kos, kos, kos, over heile linja :)


Og i dag har eg planer om ein tur til Plantasjen. Nokon som vil vere med?

Ingen kommentarer: