Herleg pinse!
Dersom de har hatt like fint vér som oss dei siste dagane vil eg tru de har hatt ei pinse verd å nyte! Eg har jobba, men kva gjer vel det når miljøterapiyrket inneber aktivitetar som kubb, pilkast, grilling, badeutflukter og strikking i solveggen? Saman med pasientane såklart, og godt ispedd nokre terapeutiske samtalar. Men du og du så herleg det kan vere å jobbe også! Sola gjer noko med oss alle saman - ingen tvil om det :)
I dag har vi hatt middagsbesøk av fetter Andreas. Det er alltid gledelege gjensyn når vi møtest, så også denne gongen. Han var i trivelige Trøndelag i konfirmasjon til søskenbarnet sitt, men klarte også å presse inn eit lite besøk til si mest sjefete Romsdalskusine. Det kan ikkje ha vore berre berre å ha med meg å gjere i barndom og ungdom. Kanskje ikkje berre enkelt no heller, i følge Mannen... ;) Mannen fekk iallfall vere grillsjef i dag, for i denne varmen er det berre grillmat som fristar.
Tusen takk for besøket Andreas, og lykke til på eksamen på fredag! Velkommen tilbake ved eit seinare høve.

2 kommentarer:
Det var et flott bilde av deg, Ingeborg!
Ja, for et nydelig vær i helga!!
DEILIG :)
Haha, du syns det? Mannen syns det var eit fjortisbilde ;)
Legg inn en kommentar