04 august 2009

Eg har vunne!

Og det skjer ikkje så ofte! Strikketussa hadde ei gjettekonkurranse inne på bloggen sin tidlegare i sommar. Ho rekte opp ein genser ho innsåg ho ikkje ville ha, men når ho skulle til å rekke opp bolen kom ho på at ho kunne lage noko anna av den! Konkurransen gjekk ut på å gjette kva ho skulle lage. Etter først å ha vore innom tunika landa eg på å gjette at det skulle bli eit skjørt - og fekk rett! I dag fekk eg premie i posten:
Knitpicks-pinnar 2,5mm og eit måleband med fine blomar og magnet på :)

Eg gler meg til å sjå skjørtet når det er ferdig! Medan eg ventar strikkar eg vidare på fredsgenseren min og høyrer på Nina Simone på Spotify :)

1 kommentar:

mono sa...

Heldige du! =)

Gleder meg til å se fredsgenseren! =)