Nattevakt og frisbeegolf
I helga har eg hatt mine to første nattevakter. Eg går vanlegvis ikkje nattevakter, men i samband med sommarferien mangla det folk. Eg klarte å snu døgnet godt i forkant, så gjenstår det å sjå korleis det går no i etterkant! Det var iallfall rolige netter, med tid til både yatzy, lesing, mat, samt produksjon av ein calorimetry og ein sokk. (Eg har debutert med fletter i strikketøyet! Det var jo ikkje så vanskeleg som eg trudde :)
I ettermiddag samla vi ein liten venneflokk til frisbeegolf på Steinan. Trass i dårleg preparert bane og mykje brennesle var det ganske kjekt. Ikkje minst på grunn av folket som var med da såklart. Vi spelte 8 hol, og eg brukte 40 kast tilsaman... Vinnaren brukte 31.
Vi fekk tid til litt wii-tennis før cup-kampen mellom Molde og Rosenborg.
Etter alle desse fysiske utskeiingane var det kjærkome med litt is og kaffe under fotballkampen, og eg gav meg sjølv (husmora) eit klapp på skuldra for innkjøpa eg gjorde på Bondens Marked på Åndalsnes i ferien :) Herleg sirup!
Så er vi vel snart klar for ny veke med nye mulegheiter da? Styrketrening, blåbærtur, sommerutflukt med jobben og barnepass er noko av det som er i vente, så døgnrytmen får værsågod komme på rett kjøl snarast! Sov godt :)

4 kommentarer:
Du hadde jo lagt ut dette før vi rakk å komme oss hjem jo! Måtte innom Line og Eivind for å låne 20 kr til buss, for Gunnar hadde for vonde gnagsår, hehe. Takk for flott dag!
Kjære vene! De kunne jo ha spurt oss, men då visste han kanskje ikkje kor ille det var enno? Koseleg ettermiddag i alle fall! Kan gjerne gjerast om att ved eit seinare høve :)
og ikkje ein kommentar om kampen? Eg har hovert mellom trønderane i heile dag!
Eg også, og eg fekk overraskane mykje støtte! :)
For uvitande blogglesarar:
Molde 5 - Rosenborg 0.
Hah!
Legg inn en kommentar