Flink frue før frokost
Faktisk! Kakemanndeigen som har lugge kaldt sidan i går kveld vart kjevla og trykt ut allereie før frokost i dag!Vi treng ikkje å gå inn på kva klokka var når vi åt frokost, men ekstra god var han iallfall i dag! Med all baksten frå i går måtte det jo berre bli bra. Pluss egg. Og ein smak på kakemennene så klart. Og to lys :)
dei står der stilt og skin.
Vi ventar på at Gud vår far
skal sende sonen sin!
***
Tenkte eg skulle vise fram litt fleire kalendergåver også. Her er alt eg har fått så langt - inkludert ei for første søndag i advent :)
Eg er ikkje eldre enn at å åpne adventskalenderpakka er det første eg gjer kvar morgon. Til og med før eg går på badet ;) Eg er jo så spent!
Eg er ikkje eldre enn at å åpne adventskalenderpakka er det første eg gjer kvar morgon. Til og med før eg går på badet ;) Eg er jo så spent!***
I kveld blir det konsert med Ila Brass band og Kammerkoret Aurum i Ilen kirke kl 19, og du er hjarteleg velkommen! Pusterom, heiter konserten - og er meint å vere akkurat det. Eit pusterom i førjulsstria. Rykta går om at det vil bli servering av pepparkaker og gløgg også :)

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar