22 desember 2009

Sånn kan oppkøyringa også gjerast...

Eg har halde senga i heile dag. Ikkje fordi det er så bra for ryggen, for det kjente eg allereie tidleg i formiddag at det ikkje var... Ikkje er det heilt sant at eg har vore i senga heile tida heller forresten... Mykje av tida har eg nemleg vore på do... Omgangssjuke... Jippi! To per-kjeks, eit glas cola og to glas farris-eplejuice-blanding er det eg har fått i meg i løpet av dagen... Også har eg jo kome litt vidare i Henning Mankell si Den hvite løvinnen, og sett Med Grimm og Gru på NRK nett-tv da! Det kjennest ut som sjuka er i ferd med å gå over no heldigvis, så då kjem vi oss nok til Romsdalen i morgon likevel. Berre ikkje Mannen blir sjuk no da... Han tek sine forhåndsreglar; han har halde passe masse avstand i dag (kun vore innom soverommet med kjeks og drikke), og i natt søv han på feltseng i stova... Hehe... Stakkars, snille Mannen min!
Vel vel, la oss fokusere på noko hyggelegare! Eg anbefalar å melde seg inn i ein bokklubb med jamne mellomrom! Sjekk denne velkomstpakka eg fekk for nokre dagar sidan! Litt å lese på i jula viss eg får tid, samt noko å trene vekk julespekket med over nyttår ;)
No må eg berre bevise overfor Mannen at eg klarar å huske å avbestille månedsbøkene... ;)


***

Kling no klokka,
ring og lokka
ring og lokka frå tusind tårn.
Tona um frelsa
kalla og helsa,
kalla og helsa med fred Guds born.
Kling no klokka
ring og lokka
ring og lokka frå tusind tårn.

Englar kveda,
høyr den gleda
høyr den gleda som her er hend.
Ljoset er runne
livet er vunne
livet er vunne ein frelsar send.
Englar kveda
Høyr den gleda
høyr den gleda som her er hend.

Sjå det dagast
snart det lagast
snart det lagast til høgtid ny.
Då skal oss klokka
leikande lokka
leikande lokka til helg i sky.
Sjå det dagast
snart det lagast
snart det lagast til høgtid ny.

(Elias Blix)

Ingen kommentarer: